Hol Kyrkje

Kirken ble bygget i 1924 og er den største kirken i kommunen, med plass til 500 personer. Den har vakre glassmalerier.

Alteret ble malt av Hans Brusletto. Kirken er tegnet av arkitekt O. Stein, og enkelte elementer, som takrytteren, tårnet og runddelen mot øst, minner om den gamle kirken i Hol sentrum.

Sitat fra Hallingdølen:
Publisert 30. september 2024, skrevet av Sigmund Krøvel-Velle.
Overskrift "Den rike onkelen og kyrkja''. At Hol kyrkje no kan feire 100 års jubileum, kan de takke ein rik onkel for. Sjølv var kommunen blakk.

Utvandringa
Den store utvandringa frå Hol på 1800-talet skapte mange snille onklar over there. Holingane slo seg opp, og sende rause pengegåver heim til slekt og familie. Og ein ekstra snill onkel dukka opp.

Testamente
Halvor T. Rue (f. 1843) utvandra til USA i 1870, og vart ein vellukka forretningsmann i Minnesota og Nord-Dakota. Helsa til Halvor skranta, og på eit tidspunkt fann han at tida var inne for å skrive testamente. Og det var nok i siste liten; testamentet vart skrive våren 1915, og sjølv døydde han i 3. juni same året. Det er kjent at Rue var fleire turar heim til Hol i løpet av livet, og at hans kontakt med folk gjorde han klar over at bygging av ny kyrkje var eit viktig sak for mange. I så måte vart dei ikkje skuffa.

Milliongåve
Det viste seg at han var meir enn sjenerøs mot heimkommunen. Han skjenka Hol kommune ei gåve på 125.000 kroner, eller 7,5 millionar i omrekna verdi. Av desse skulle 25.000 kroner (1.25 mill.) nyttast til å bygge ny hovudkyrkje, 10.000 til nytt kommunehus, 40.000 til fattige på gamleheimane og 50.000 til eit fond for trengande.

Mellom aust og vest
Han bestemte også kvar kyrkja skulle ligge; i vegkrysset mellom øystre og vestre Hol. Der var det på den tid planar om å lage eit kommunesentrum for Hol. Og der ligg kyrkja den dag i dag, som ein velkomstport til Hol kommune. Då den sto ferdig i 1924, var den største trebygningen i mils omkrets, med plass til 400 sokneborn, med altertavle av Hans Brusletto og glasmåleri av Thorvald Ravn.

Les hele reportasje på Hallingdølen.no